Dag 13 - Leon
I dag var det veldig stress med eit prosjekt som måtte bli ferdig, og dermed enda eg opp med å berre måtte ta det enkleste med heimefrå for å overleve dagen. Dette inkluderte blant annet ein pakke nudler og sjokolade.

seen from Netherlands

seen from United States
seen from United States
seen from Chile
seen from T1

seen from Netherlands
seen from T1
seen from Netherlands
seen from United Kingdom
seen from China
seen from Malaysia
seen from United States
seen from United States
seen from China

seen from Germany
seen from Lithuania
seen from Germany

seen from Germany

seen from Germany
seen from United States
Dag 13 - Leon
I dag var det veldig stress med eit prosjekt som måtte bli ferdig, og dermed enda eg opp med å berre måtte ta det enkleste med heimefrå for å overleve dagen. Dette inkluderte blant annet ein pakke nudler og sjokolade.
Dag 12 - Leon
Ein erfaring eg har gjort meg frå dette prosjektet er at man trenger veldig mange små bokser for oppbevaring av mat. Som ein student, lager eg ofte litt ekstra mat for å ha til middag eller lunsj dagen etter. Dette krever ein boks å ha maten i. Om eg bruker ein halv løk til middag, må løken legges i ein boks. Om eg bruker en halv fetaost, må denne legges i boks. Dette har ført til at kjøleskapet mitt er ganske fult.
Matboksene man kjøper er som oftest i plast. Personlig gjenbruker eg isbokser for matoppbevaring, men desse er også i plast. Isbokser av papp kan ikkje vaskes og gjenbrukes. Dette prosjektet har gått ganske ok når det kjem til å unngå engangsplast og emballasje, men om man skal begynne å bytte ut alt man har av plast eller kjøpe plastfrie matbokser f.eks., blir dette veldig dyrt. Plast er billig og kan vaskes og gjenbrukes. Eg har ikkje råd til å kjøpe masse oppbevaringsglass og metallbokser osv., men eg har råd til ein 2L med tressis i ny og ned, som i tillegg eg kan gjennbruke.
Eg gjenbruker og pestoglass, krydderglass og syltetøyglass. Men så langt har eg vore heilt usuksessful i å finne krydder refill pakker uten plast.
Dag 11 - Leon
I dag spiste eg heller varm mat på skulen enn påsmurt smørbrød. Smørbrøda er pakka i plast, men takeaway boksene i kantina er papp. Pommes frites er ikkje for kvar dag, men i dag er det fredag så eg koste meg litt:)
Til pommes frites funker pappeskene veldig bra, men når eg jobba i kantine i sommer var det enkelte retter som eg merka meg at papp boksene ikkje var veldig gode for. Eit eksempel var bakt potet, fordi den er toppa med smelta smør, som berre vart absorbert av pappen og lakk ut på undersida.
I kantina tilbyr dei tre- og metallbestikk. Eg har alltid med meg ein liten pose med eige bestikk og sugerør heimefrå, så desse slapp eg ta:)
Veke 2 – Ingrid
Lengre og lengre inn i plastikk prosjektet har eg blitt meir og meir klar over kor avhengig eg faktisk er av plastikk. Å prøve og leve plastfri krever mykje meir energi, tid og engasjement enn det eg trudde. Spesielt når det gjelder mat. Det var så avgrensa kva eg kunne kjøpe at eg mista heilt gleda ved å lage mat. Resultatet vart at eg kjøpte endå meir ferdigmat enn eg normalt ville ha gjort (hjalp kanskje ikkje heller at det var ei intensiv skuleveke heller). Å leve plastfri på hybelen gav eg totalt opp denne veka.
Eg har kjøpt ein del lunsj på skulen i løpet av veka og både fått emballasje og bestikk i plastfrie alternativ. Dette har kantinene på campus blitt bedre på, sjølv om det fortsatt finnes alternativ av plastikk i kantinene. Det har vel og merke gått ein del sjokolade i løpet av veka, som er godt pakka inn i plast…
På grafisk Design studiet jobber me mykje digitalt, og møter dermed ikkje på så mykje plast i studierelaterte samanhengar. Sant skal seiast at me bruker enorme mengder papir då me printer ut ein del for å teste løysningar og design, men det er ei anna sak.
Til slutt vil eg berre sende eit lite stikk til kjeldesorteringa på Campus Gjøvik avd Mustad. Resten av campus har godt markerte og tilgjengelige bosspann for pair, plast, restavfall og pant, men dette systemet har ikkje blitt med ned til Mustad (???). Legger ved eit bilde for å vise korleis det såg ut i eit bosspann på Mustad tidligere denne veka. Dersom det er eit system som eg ikkje har fått med meg (tydeligvis ingen andre heller) så fungerer det openbart ikkje og må bli gjort meir tilgjengelig og synleg.
Dag 9 - Leon
Eit plastalternativ eg brukar ganske mykje er metallsugerør. Eg brukte det først til iskaffien min i morges, og igjen etter middag til ein liten drink. Mens sugerør ikkje er ein nødvendigheit for meg i det heile tatt, er det litt gøy og gjer det lettare å røre i det eg drikker. I kollektivet mitt har vi både metall- og glassugerør, og desse blir hyppig brukt. :)
Dag 8 - Leon
I dag kjøpte eg peanøttsmør på butikken. Eg merka meg raskt at glassa med metallokk kost dobbelt så mykje som plastlokk. Dette synst eg var ganske stusselig, ettersom eg er student og ikkje har veldig mykje penger å bruke generelt. Eg enda opp med å betale 27kr for metallokket.
Eg skulle og kjøpe deodorant. I butikken fant eg ingen alternativ uten plast. For ¨vere heilt ærlig har eg aldri høyrt om nokon plastfrie alternativ til deodorant, og i vertfall ikkje sett dei. Etter å ha googla litt, finst det vist deodorantstykker på t.d. Lush. Den billigste eg fant kosta 90 kr, som er litt meir peng enn den eg vanligvis kjøpar til rundt 17 kr. Det kjem ikkje på tale, så eg kjøpte plastdeodoranten.
Dag 7 - Leon
Middagen eg har planlagt er frossen fiskegrateng, ettersom eg er sjuk og eg gjerne vil ha ein middag som tek lite arbeid. Dette var ein av dei få frossen middagene eg fant på Coop som ikkje brukar noko plast i emballasjen. På sida vil eg ha raspa gulrøtter, men desse kom desverre berre i plast. Både Rema og Coop nærmast heimen min har ikkje gulrøtter i lausvekt, og for å få fatt i dette må eg nokk til sentrum til importbutikken. Men igjen, eg er sjuk og vil ikkje forlate huset mitt, så gulrøtter i plast it is :,(
Dag 5 - Leon
I dag bestod frukost av brød med makrell i tomat og ein kopp svart te. Til middag lagde eg karri/søtpotetsuppe med crunchy kikerter. Kvelds vart smågodt og nøtter. Eg finner det relativt lett å ete mat uten plastemballasje når eg er heime.
Sida eg har vore så forkjøla de siste par dagene, har eg brukt veldig mykje lommetørkle, som alle har vore pakka i små pakninger av plast. Desse hadde vi liggende i hybelen allerede, men eg har no kjøpt ein pakke i papp. Det er litt meir styr å bruke desse enn dei I plast, sida dei er mykje mindre og lagd for å ha med deg i lomma. Eg løyste dette ved å berre ta med meg eit par, brette dei og putte dei i lomma. Dette funka greit egentlig.