Enkle organismar
treng ikkje vere meir
enn dei er
ribbemanetene brukar ikkje
opningar for å puste
dei er tynne
sjøvatnet siv gjennom
flimmerhåra
små segl på celleyta
vatnet vinden innanfrå

seen from United States

seen from United States
seen from Netherlands
seen from China
seen from Germany
seen from United States
seen from Brazil
seen from Georgia
seen from Brazil
seen from Germany

seen from United Kingdom

seen from Brazil

seen from United Kingdom
seen from Germany
seen from Malaysia

seen from Japan
seen from Germany

seen from Malaysia
seen from Yemen
seen from China
Enkle organismar
treng ikkje vere meir
enn dei er
ribbemanetene brukar ikkje
opningar for å puste
dei er tynne
sjøvatnet siv gjennom
flimmerhåra
små segl på celleyta
vatnet vinden innanfrå
Ny bok; "Stress og korleis leve med det"
https://www.y6.no/ny-bok-stress-og-korleis-leve-med-det/
Ny bok; "Stress og korleis leve med det"
Dato: 20-03-2019 11:39 CET Opprinnelig tittel på pressemeldingen: Ny bok; "Stress og korleis leve med det" Kategori: , Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.
I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.
Stressfest/lanseringsfest 3.4. kl 18 på Bortenfor, Brenneriveien 7.
Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det (2017), har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?
Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.
Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.
Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i.
Nokre sitat frå Halvorsen i boka:
-Søvn er den fredelege venninna det er lett å nedprioritere. Ho trengjer seg ikkje på, lagar ikkje noko drama om du flyttar ein avtale. Men så, plutseleg stikk ho.
-Mediter eller finn deg ein annan måte å gjer ingenting på. Kvile er ikkje latskap. Det er klokskap.
-Kroppen er fin, men den er berre ikkje konfigurert for 2019. Det er difor du må ta stresset ditt på alvor. For kroppen din gjer det.
-Samfunnet vil ikkje du skal legge deg, men det må du. Ver ein sovepunkar.
Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland, men bur no i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i 15 år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. For tida er ho frilansar. Ho er også forfattar av boka «Livet og korleis leve det»
Kilde: Pressekontor Samlaget – PRESSEMELDING –
————
Hashtags: # #Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid
Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg
https://www.y6.no/ny-bok-av-kristina-leganger-iversen-om-kva-morskapet-betyr-historisk-okonomisk-og-personleg/
Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg
Dato: 04-10-2019 09:00 CEST Opprinnelig tittel på pressemeldingen: Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr – historisk, økonomisk og personleg Kategori: , Kunst, kultur, underholdning Politikk Sosiale spørsmål Kristina Leganger Iversen
Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?
Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem.
I Bli mor no? skriv Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder – historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.
Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Åsane i Bergen og bur i Oslo. Ho har gitt ut bøkene Hjartemekanikk og I ringane. Ho er litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Kilde: Pressekontor Samlaget – PRESSEMELDING –
————
Hashtags: # #Kunst, kultur, underholdning Politikk Sosiale spørsmål Kunst, kultur, underholdning Politikk Sosiale spørsmål
Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.
https://www.y6.no/ny-roman-tematiserer-det-nye-arbeidslivet-i-europa-ho-er-fri-av-ingvild-holvik/
Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.
Ingvild Holvik. Foto: Ida Berby Dato: 15-10-2020 09:37 CEST Opprinnelig tittel på pressemeldingen: Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik. Kategori: , Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål Ingvild Holvik
I den nye romanen Ho er fri skriv Ingvild Holvik med det nye arbeidslivet i Europa som ramme. Ein kvardag som gjer at familiar vert splitta og lever usikre jobbliv på ulike kantar av kontinentet.
Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida?
Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført.
Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte til strålande kritikkar i 2010 med romanen Lykkefeltet. Dei gode kritikkane heldt fram med andreboka Premien for alt (2017). Holvik har også omsett Maren Uthaugs Der det finst fuglar og Attila Bartis' Stillheten, og blei nominert til Brageprisen for sistnemnde. Holvik er frå Bergen og bur i Tromsø.
Kilde: Pressekontor Samlaget – PRESSEMELDING –
————
Hashtags: # #Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål Arkitektur Kunst, kultur, underholdning Arbeidsliv Sosiale spørsmål
Fredagsføredrag med sakprosadebutantar! #jobbenmin #samlaget (ved Det Norske Samlaget)
Dei vann faktisk begge to, herregud så stolt eg er av desse to og av Samlaget! #samlaget #mariaparr #olaugnilssen #brageprisen (ved Dansens Hus, Oslo)
HO VANN! #mariaparr #samlaget #keeperenoghavet (ved Dansens Hus, Oslo)
Blei ikkje Nobelpris i år heller, men vi boller og kaffi er ikkje så verst. Og triveleg med besøk av NRK og Svensk radio. #nobelprizeforliterature #samlaget #jobbenmin #jonfosse (ved Det Norske Samlaget)