Ode til skogen
Eg ligg på ryggen,
ser knapt himmelen.
Tretoppane gjer meg svimmel.
Eg har mange spørsmål.
Dei har ingen svar.
Skogen gjer meg søvnlaus.
Den gir meg indre ro,
og kaos om eg tenkjer for mykje.
Den peikar aldri mot ein bestemt sti,
og eg er villig til å gå meg blind.
Eg forelskar meg i mørket.
For den djupaste skogen puster liv i meg og tar pusten frå meg.
Den vil alltid gøyme noko under mose og lyng,
og minne meg på at mennesket;
det er som trea og skogen.











