STATISTIKK!!!!!
Førre semester førte eg over ein periode ned kvar gong eg blei sint. Eg måtte også gå gjennom ei rekke punkter (første bilete), for å skildre dette sinnet. Eg blei bevisst kor ofte eg faktisk blir sint. I dei fleste tilfella har eg skrive at eg hadde rett til å bli sint, men i dei tilfella der eg var sint på menneske, sa eg likevel ikkje ifrå. Hadde berre utbrudd om det var objekter det gjaldt (til dømes då eg brant meg på ovnen, eller når tekniske ting ikkje ville fungere). Akkurat det med vêret var litt vanskeleg å teste ut i Bergen, sidan det stort sett er same vêr; regn. Ikkje trur eg det var særleg relevant heller, men ville ha ei rekke punkter for å sjå om det kunne vere nokon samanhengar. Eg nådde heller aldri 10 på sinneskalaen, 8 var det meste.












