Spagetti og tomatsaus. Alle klagar alltid over at det er vanskeleg å finna ut kor mykje spagetti ein treng. Det er enkelt. Bruk les på pakken og bruk ei vekt. Eg... eg lagar ca 3 gonger meir saus enn eg treng :P Brun kjøttdeig og lauk. Ha oppi tomater (ferske eller på boks). Eplejuice døyvar det sure (Triks frå pappa, smart fyr, likar reinsdyrsgryte). Hiv oppi det du måtte ynskje av krydder og andre ting (i denne er det kvitlauk, sopp, gulrøtter, rosiner, cashewnøtter, provance-krydder, laurbærblad og salt). La det koka så lenge som du orkar å venta (eller til spagettien er ferdig). For tjukkare saus: tomatpuré. Ha oppi paprika eit par minutt før servering (Triks frå mamma, smart dame, likar kompott).














