Grønnsakssuppa 1) spis ein Skyr, sidan du er skrubbsvolten og risikerar å skjera deg i fingrane om du ikkje et noko.
2) Kok opp mellom ein halv og ein heil liter vatn og hiv oppi ein buljongterning (grønnsak) som gjekk ut for lenge sidan for å sjekka at den ikkje er harsk. Sats på at den er grei.
3) Vurder Toro Tomatsuppe.
4) Skrell og skjer i terningar ynskja mengd grønnsaker. I dag: Gulrøter (4), kålrot (ein del), potet (2), purrelauk (ca ein halv), persillerot (ei lita). Hiv alt i kjelen.
5) Hiv oppi 5 fårepølseskiver i bitar som er i ferd med å gå ut på dato. Lat som om det er for å få betre smak.
6) Kok til mørt og hiv oppi masse peppar, smak til med salt.
















