From a book called “Nisser og Småtroll” given to my sister when she was a year old by an uncle and aunt.

seen from Germany
seen from Japan
seen from United Kingdom

seen from United States
seen from China

seen from United States

seen from T1
seen from China
seen from United States
seen from China
seen from China

seen from United States
seen from United States
seen from Canada

seen from United States
seen from Venezuela
seen from China
seen from United States
seen from Sweden
seen from United States
From a book called “Nisser og Småtroll” given to my sister when she was a year old by an uncle and aunt.
Dyre Vaa (Jan. 18, 1903 - 1980) was a Norwegian artist who together with Vigeland was the dominant sculptor of the 20th century in his homeland. His works are found all over Norway - Oslo City Hall and the Nidarosdom in Trondheim, for instance - including smaller towns and local churches.
This sculpture of the poet Olav Aukrust (bronze, 1954) stands by the 11th century stave church in Lom in Oppland.
From a book called “Nisser og Småtroll” given to my sister when she was a year old by an uncle and aunt.
From a book called "Nisser og Småtroll" given to my sister when she was a year old by an uncle and aunt.
Brigde av Olav Aukrust
Hugbòd som fyrr leika hauk over hauk i storstilla blaa og solblanke ned over tankane strauk, er ingen stad høyre hell sjaa.
Stride som straalande kvæde dei kvad og lyste seg leid. No er det att berre burtblaasne blad ein haustdag paa villande heid.
Mjukar enn myrull som voggar i vind langt inn i fjell, er minni som sviv gjenom mannasinn ein skybleik og blaasande kveld.
fra «Himmelvarden» (1916).
From a book called "Nisser og Småtroll" given to my sister when she was a year old by an uncle and aunt.
«Eg er min eigen fiendsmann», av Olav Aukrust
Eg er min eigen fiendsmann, eg blandar sjølv min mat med eiter, og el og nører og hatar mitt eige hat. Eg ynskjer, eg gret med tåre, det inkje eg gråte kann: er vorten min eigen fåre, min eigen fiendsmann. Sjå, det som eg elskar av hjarta, det piner eg, alt eg kann, og det som mitt hjarta forbannar, det kjæler eg mjukt med mi hand. Så er eg då nifst ein tviing, - den eine mun nære seg med lystmat, som stødt gjev liding til hin som er sjølve eg. Eg er i skinande rødmi ørnen i æteren blå. Og eg er i hyljande havdjup hæken, umetteleg hå. Eg er den motsetningsrike krig millom usamde krav, - det bråville ørneskriket og våen i sugande hav: Sjå, gløypande ville båra vert blanda med slim og blod, planta i myrkheims havbeist veldug sit ørneklo. Skal lyftande vengen brotne i krig millom luft og låg, skal ørnhamen reka og rotne på havsens villande våg! Eg vinne vil med velde eller òg i vanvit døy - og søkkje som djupt i havet den vulkansprengde øy! Men skal òg havet gløype meg: til sist mot grøne land skal livet atter støype meg og vaske gull or sand. («Solrenning», 1930)
«Eg Undrast», av Olav Aukrust
Eg undrast på um den som sjølv sit glad og varm og raud, hav hugen djup og hjarta for eit rop i høgste naud. Ei medels sorg, ei høveleg, ei mild ei og med måte, ho gjer då hjarta berre godt, det gjer so godt få gråte. Di ljuvar vert det etterpå. Ein turkar tår av kinn - og blank og fjång som aldri fyrr til gleda går ein inn. Den gjerdi er så gamall, ho, og du - du er so ung … Og verdi er så fager, ho, - og sorgi er so tung. («Himmelvarden», 1916)