Om mitt sinne var...
Førre semester delte eg ut fem ark der det stod «Om mitt sinne var...» Etterfulgt av, i ulike ruter, tekst som «...ein karakter i Bibelen», «...ein planet», osb. Poenget med dette er at ved å be folk skrive eller teikne assosiasjonar dei har til noko, får ein ofte vite meir om kva folk eigentleg tenker enn om ein spør direkte. Ta til dømes Jens Stoltenberg. Viss Jens Stoltenberg var ein hund, kva for hund ville han ha vore? Svaret ville kanskje vore Labrador. Kva seier i så fall dette svaret om Jens Stoltenberg? Jo, at han framstår som tillitsfull og stabil.
Det eg synest var interessant då eg fekk tilbake skjemaa, var at det var veldig få teikningar av kvinner. Faktisk berre ein. Dei fleste teikningane var anten av menn, eller figurar som kunne vere begge kjønn. Den eine teikninga som var av ei kvinne, var i tillegg ein mannskarakter gjort om til ei kvinne, ein kvinneleg Dart Vader. Eg tenkte over dette, og kom fram til to moglege grunnar; anten at det er vanskeleg å definere sinne som noko kvinneleg, og at ein derfor berre kjem på mannlege eller udefinerte karakterer til å skildre sjølv sitt eige sinne. Eller det kan vere at det er for få kvinnelege karakterer som viser sinne, og at det derfor ikkje er nokon særlege å velge mellom, medan det finnest nok av sinte mannlege karakterer.
Ein annan ting eg fann interessant, var at det var vanskeleg å vite om personane som fylte ut skjemaa tenkte på sitt eige sinne, eller sinne generelt. Fleire av skjemaa verka veldig generelle og ikkje så personlege. Det var liten samanheng i dei ulike tinga som var teikna på eit skjema, og det var fleire ting som verkar veldig universalt og stereotypisk og ikkje personleg. Hadde til dømes eg skulle fylle ut eit skjema om mitt eige sinne, hadde det ikkje vore masse eksplosjonar og store skikkelsar som Gud, men heller mindre skumle karakterer og ting. Dette fordi at eg sjeldan blir skikkeleg sint, og at mykje av sinnet held eg inni meg. Det kan hende skjemaa blei fylt ut slik anten fordi det er vanskeleg å forholde å forstå eige sinne, det kan hende ein føler det er sjølvutleverende, eller det kan hende spørsmåla ikkje var stilt på rett måte.









