Ja, no skal Noreg ha Takk fyr meg. Og so fær daa kvar ein syta fyr seg. Eg gjorde mitt, og det var ikkje stort. — Men endaa eg segjer at gjort er gjort. Eg vilde det besta, eg rokk inkje meir, — og det kann nok raaka fyr nokon fleir. Eg gav det eg hadde, eg hadde kje stort. — Men endaa eg segjer at gjort er gjort. Eg vilde mitt Noreg so indarleg godt, eg vilde det stort, der det enno er smaatt. Og aldri eg var so fjaag og so glad, som naar eg fekk kveda Noreg eit Kvad. Det eingong fall Noreg den Tanke inn: Aa gjera Æra paa Smaa-Skalden sin. Og Norges Sam vit, Stortinget sjøl, gav tusund Krunor til Mat og Ø1. Det rokk og det vara — det vara eit Aar. Og so var det atter dei gamle Kaar. — No, Stortinget gav, og Stortinget tok, — for Stortings-Gubben han er so klok. Og Hundar gøydde, og Bikkjor beit, imedan eg aat meg paa Staten feit. Ja, Stortinget gav, og Stortinget tok, og eg stod att med ei rivi Brok. So hev eg eit Hovud, der Pina reiv og riv, dimeir eg so skriv og skreiv. Og naar eg so talmast paa harde Liv, so ropte dei: „Skunda deg, Per, og skriv!“ Og Vener eg hadde, og inkje faa. Men ein etter ein fekk dei Hug aa gaa. Eg sa mi Meining, det var ikkje stort, — men lat det no skura med gjort som gjort. Og so skal daa Noreg ha Takk fyr meg. Og so fær daa kvar ein syta fyr seg. — Men eg vil Noreg so indarleg vel, at hugheilt so gav eg det Hjarta og Sjæl. - Per Sivje