Eg ser øya frå ein båt
Når eg forlet øya og eg ser den forsvinne bak nakne og værherja holmar og
usynlege skjær, så kjenner eg at det knyter seg i brystet.
Eit år blir for lenge til neste gjensyn.
Øya eg kjem tilbake til er aldri den same som den eg reiser ifrå.
Medan eg står her ein stad mellom stader, flyttande og flytande på havet,
undrar eg kvifor eg alltid kjenner på denne tunge avskjeden?
Ein etterkommar sa ein gong at den går i arv.
Savnet etter barndomsheimen til dei før oss, øya som blei bytta ut mot byen.
Når sommaren er over står den der omringa av sjø med mørke vindu.
Eg ser den framleis og tenker at slik har nokon stått før meg.
Kanskje dei lengta allereie før dei hadde forlate kaia?
Fekk dei det betre når dei flytta til byen?
Og vi som kjem tilbake - kvifor blir vi ikkje?
Kan ein landkrabbe overleve ein vinter her ute?
Øya fanger og øya frir.
Den kan vere eit fengsel og fridom på same tid.










