Kronikk i Klassekampens livssynsspalte 16. august 2012
Mange synast RLE er eit viktig fag i eit pluralistisk samfunn, andre stiller spørsmål ved om det overhovudet er mogleg å nå ideala om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning om RLE-emna. Nyleg hadde religionspedagog ved Høgskolen i Østfold, Trond Enger, ein kronikk i Dagbladet der han kalla RLE ein «tannløs femtenåring», gjeve at den kritiske tilnærminga til religionane etter hans syn manglar. Det kjem ikkje i kronikken fram på kva grunnlag han konkluderer slik, om det er klasseromsforsking, analyse av læreverk for grunnskolen eller gjennomgang av pensum og undervisning ved lærarutdanningane. Men han slår fast at eit «falsk toleranseideal» rår i klasseromma, der religionar blir unntatt den kritiske refleksjonen me elles forventar i all fagformidling – eit krasst utspel frå ein fagperson som også er prest.
Eg underviser tidvis lærarstudentar i religionshistorie. Religionsframstillingane i læreverket me nyttar er til dels greie, men med slagsider og faglege problem me elles kan møta i religionsfag (fokus på lærde variantar av religion, tekstar, ureflektert mannsdominans, religion som noko «i og for seg» i staden for kulturelt innvoven praksis osv.). Ei religionsvitskapleg framstilling av religionar har ikkje eit normativt grunnlag, sjølv om der er store diskusjonar innan faget kva gjeld balansegangen mellom innleving og kritisk distanse. Eg veit likevel lite om kva som skjer i klasseromma, trass sporadisk deltaking i lærarstudentar sin praksis, og trass fleire ungar i skolen. Inntrykket mitt er at faget er nedprioritert som kunnskapsfag. Det er ikkje obligatorisk i lærarutdanninga, og unge lærarstudentar har ofte ikkje den elementære kunnskapen om religion som me forventar når dei går ut av vidaregåande skole. Studentane skal tileigna seg god kunnskap ikkje bare om religionshistorie, men om etikk, filosofi og fagdidaktikk – RLE er eit fag samansett av fagtradisjonar med ulikt grunnlag og historikk. Faget skal vera sekulært, men kristendommen og kristne institusjonar har framleis stor tyding for faget. Human-etisk Forbund fann i 2009 at over 80 % av RLE-utdanningslærarane har teologisk eller kristendomsfagleg bakgrunn. Kva har det å seia for formidlinga? Religionshistorikar Bengt Ove Andreassen ved Universitetet i Tromsø forsvarte i 2008 ei doktoravhandling om religionsdidaktikken si kristen-religiøse slagside, og ga i år ut den «fyrste religionsdidaktikkboka tilpassa det nye RLE-faget», der religionane blir gjeve ei religionsvitskapleg, ikkje kristendomsfagleg eller teologisk framstilling. Elevane ønsker å snakka om det konfliktfylte ved religion, fortelte Andreassen ved lansering av boka. Det står igjen å sjå om utdanningsinstitusjonane vil nytta boka hans framover.
Men når ein les læreplanen for RLE, blir ein slått av at det etisk utfordrande stoffet finst i nettopp etikk- og filosofidelen av faget. Her høyrer ein ikkje så ofte om problem og kritikk. Er etikk og filosofi nøytralt medan religionar er eit minefelt? Frå kva ståstad er lærarutdanninga sine bøker i etikk skrivne? Kompetansemål i etikk og filosofi etter 7. klasse er t.d. å kunna samtala om forholdet mellom kjønna og utfordringar knyta til det fleirkulturelle samfunnet. Her ligg openbart utfordringar, sjølv om det også er kompetansemål å kunna drøfta etiske utfordringar innan kvar religion. Etter 10. trinn er kompetansemål innan etikk å kunna drøfta homofili som etisk utfordring. For kven er dette ei utfordring? Eg veit forresten kva RLE-bøker ungdommane i huset har til rådvelde, men ikkje dei yngre. Barneskoleelevane i heimen har nemleg ingen eigne RLE-bøker, for økonomien har ført til at skolen har nedprioritert innkjøp av nye skolesett. Ein skulle prøvd det same innan matematikk eller norsk!