Symbolmaktmisbruk?
Kronikk i Stavanger Aftenblad 12. november 2013
Nokre typar religiøs symbolbruk blir tolka som betre og meir oppriktige enn andre:
Ei ulik handtering av religiøs-spirituell symbolbruk i det offentlege rommet kan noterast i mediedebattane den siste tida. Når ein sørlandsk nyheitsopplesar på NRK får forbod mot å bera eit kors med svarte diamantar reagerer ordskiftearbeidarane ganske annleis enn når prinsesse Märtha Louise lanserer gudinnesymbolsmykke med røykkvarts. Kva fortel dei ulike reaksjonane om symbol- og religionsforståingar i samtida?
Det viser seg at NRK har ei generell liste over symbol dei ikkje tillet nyheitsopplesarar å bruka, for ikkje å forstyrra nyheitsbodskapen. Det er kanskje ikkje den fullstendige lista som verserer i media, for sentrale, religiøse symbol manglar (men pussig nok har «det onde øyet» fått plass der – kven sitt symbol er det, Sauron?). Biskop Laila Riksaasen Dahl skrudde opp volumet i debatten då ho i VG spurte om det neste ville bli krav om fjerning av korset i flagget, og Human-Etisk Forbund meinte debatten kunne vore rolegare og ryddigare, hadde bare NRK Sørlandet vist til dei sentrale retningslinjene til NRK. HEF synst små kors i nyheitssendingar bør gå bra, hijab likeså, og fleire har tatt til orde for at me bør tåla diskrete, religiøse symbol, til dømes i smykke.
Men kva er eit diskret smykke, og kva er eit kraftfullt symbol? Sællmann sitt vesle kors blei openbart til eit sterkt symbol for mykje likt og ulikt, i tråd med funksjonen til oppsummerande symbol: «vår kristne kulturarv», sekulær intoleranse og kulturell sjenanse på eigne, etniske(?) vegner, frykt for dei andre (muslimane) si overtaking av landet, og så vidare. Det blei ei blanding av framvising av framandhat og einsretting av kva det vil seia å tilhøyra ein nasjon, og framvising av kor mykje godt og viktig folk oppfattar at eit religiøst symbol ber i seg, kva enten ein er personleg truande eller ei.
Smykka til prinsesse Märtha Louise og co har fungert på noko av same viset i mediedebattane, dei har vore kraftfulle oppsummeringar av verdiar og tolkingar som folk oppfattar som personleg, kulturelt og/eller religiøst viktige. Men gudinne Astarte-kolleksjonen var ikkje symbolsk oppsummerande slik korssmykket var det. Nokså få i Norge har eit forhold til gjennomgangssymbolet i kolleksjonen, sirkelen med to halvsirklar i motsett retning på kvar side. Dette blir hevda å vera eit urgammalt symbol for den tredelte gudinna (ungjente, mor og viskvinne), vist med månen sine fasar, som gudinnereligiøsitet gjerne blir knytta til. Opphavet til dette symbolet er usikkert, sikkert er det at det blir nytta av nypaganistiske grupper, då særleg gudinnedyrkarar. Men der ingen gullsmed har blitt skulda for å misbruka kristendommen ved å selja gullkors, ikkje ein gong når dei dominerer smykkemarknaden retta mot våre minste små, blei altså prinsessa si blanding av edle metall, magiske steinar og gudinnesymbol sterk kost. Religiøs kjendismote, usmakeleg jåleri og misbruk av religion, har vore dommen.
Me ser altså at eit lite kors med eksklusive diamantar blir tolka som å bera i seg religiøs fridom, tryggleik, glede, tradisjon og (for nokre) rett kultur når det blir del av ei offentlegheit, som på statsdrive fjernsyn. Når ein delvis statleg figur som prinsessa lanserer eksklusive smykke med andre religiøse symbol, blir smykka tolka som å representera overflod, overflate, konsumerisme, illegitim blanding av spiritualitet og materialitet, det svermariske, jålete, sjølvopptatte. I rettferda og religionsfridomen sitt namn kan det jo tenkast at smykkedesignarane, eller dei som kjøper smykka, har djupe, spirituelle kjensler, tankar og engasjement knytta til det smykka symboliserer? Og at det kanskje ikkje er så forferdeleg om det ikkje er fordjuping som dominerer i Astartesmykke-bruken, men noko anna?
Sællmann og forsvararane framheld retten til religiøs symbolbruk i ein offisiell samanheng og seier at samfunnet blir fattigare utan toleranse for dette. Ein tilkjennegjev ein faktisk effekt av symbolbruken. Prinsessa og smykkedesignarane framheld at deira religiøse smykkesymbol har faktisk effekt på brukarane, men blir i liten grad trudd av kommentariatet. Symbolbruk er vanskeleg greier, og kva tid blir det forresten til magi? Har det noko å seia? Og kven sine kjensler og grenser skal ha forrang og bli tatt på alvor i offentlegheita?















