vi vant, vi vant
(Biletet er lånt frå mysenposten.no)
Eg er slett ikkje over snittet sportsinteressert, men eg har sett nokre medaljeseremoniar. Utøvarane smilar og ler, sprett opp på pallen etter tur, hopp og dansar og gratulerer kvarandre. Får blomar og medaljar. Så kjem nasjonalsongen.
Hovudplagg vert tekne av. Rett som det er må den/dei som står på toppen av pallen turka ei tåre. Mange syng med. Alle står heilt stilt. Sjølv kommentatorane, som elles fløymer over av detaljutgreiingar om prestasjonane til tidlegare utøvarar frå ulike nasjonar i den aktuelle idrettsgreina, teier stilt no. Det er ei høgtideleg stund. Så er flagget til topps, og feiringa held fram.
I går feira me 17. mai. Noreg sin nasjonaldag. Me feira at me vann fridomen og sjølvstendet. Me feira 1814 og 1945. 17. mai-komiteane har planlagt program, korpsa har øvd, og over heile landet samlast folk i hopetal for å feira, mange av dei i sin finaste stas – bunaden. Det er ein høgtideleg dag.
Så kjem nasjonalsongen. Korpset spelar opp.
Syng du med? Eller teier du stilt?
Eller kanskje du gjer som dei fleste andre: held fram med det du var så godt i gang med – drøsen med gamle kjende, rigging av utsalet for pølser og is som du har ansvar for, eller kanskje det alt har opna, så du tek imot betaling og deler ut til dei som trengjer seg fram i køen til tonane av “Ja, vi elsker”?
Eg undrast over dette.
Er det ikkje normalt, av respekt for både korps, arrangør, forfedre og fedreland, å anten syngja med eller teia stilt under nasjonalsongen?
Det må vera utruleg demotiverande å stilla opp for å halda tale for dagen på 17. mai, etter mange kveldar med førebuing, for å oppdaga frå talarstolen at 90% av sambygdingane pratar og ler, utan å syna eit snev av interesse for kva talaren har på hjartet? Talaren har kanskje ikkje master i retorikk, og kanskje har du “høyrt det før” men fortener han ikkje litt respekt likevel? Inngår ikkje det i normal folkeskikk?
85-åringen som står litt bak blant “publikum” veit godt kva fred og fridom er. Han har kjent på det motsette. Han minnest godt maidagane i 1945 då dei sprang rundt i gatene og feira freden.
Den unge dama som står litt lenger borte mista faren sin. Og mora. Og broren. I ein krig som me andre berre kjenner frå media. No bur ho som framand i eit fritt land, der freden vert tatt for gitt, og fridomen til å gjera akkurat kva ein vil overdøver korpset som spelar tonane til “så vi vant, vi vant vår rett.”
















