Offentleg sorg og død
Kronikk i Klassekampens livssynsspalte 18. juli 2012
Kva kan reaksjonane på 22. juli lære oss om samspelet mellom religion og media?
I tida etter terroråtaket har det vakse fram forsking med utgangspunkt i denne hendinga. Døme på tverrfagleg 22. juli-forsking er Stiftelsen kirkeforskning (KIFO) si bok «Den offentlige sorgen. Markeringer, ritualer og religion etter 22. juli» som kom ut i sommar. I denne boka problematiserer forskarane førestillinga om at «alle» deltok i sorg- og minnemarkeringar i tida etter terroren, og viser at ein del opplevde forma på både offentlege og grasrotstyrte markeringar som ekskluderande. Symbolbruken, til dømes av flagg og nasjonalsong, blei for nokre oppfatta som for nær terroristens nasjonalistiske agenda, og kyrkja si rolle blei for mange problematisk – ein ønska livssynsnøytralitet, ikkje fokus på kristendom. Ein del reagerte også på måten kjensler blei framviste på i den offentlege sorga. Ei jente som blir sitert i boka, fortel at ho som hadde mista ein ven på Utøya, blei «overgått» i offentleg sørging av venninner som ikkje kjende nokon av dei som blei drepne.
At der var usemje kring kva rolle kyrkja skulle eller burde ha, var klart kort tid etter terroren, og det blei ope diskutert i media. Kyrkja ønskte å framstå som open og inkluderande, med rom for livssynsmangfald i ei tid med nasjonal krise og sorg. «Seremonimester for en tung tid» kalte Aftenpostenredaktør Åmås kyrkja i ein oppsummerande hyllest av ein kronikk på julaftan 2011. Fleire muslimar formidla at kyrkja si rolle, og den gode kontakten mellom kristne og muslimske menigheiter og organisasjonar før terroren, ga styrke i tida etter 22. juli. Bano Rashid – den kurdiske jenta som var det fyrste Utøyaofferet til å bli gravlagd - representerer den kristen-muslimske dialogen, og gravferda hennar var ei nyskaping av eit kristent-muslimsk ritual, etter familien sitt ønske. Biletet av presten og imamen fremst i gravfølgjet, gjekk verda over.
For andre var ikkje kyrkja si framtredande rolle like tiltalande, ikkje minst for aktivt ikkje-religiøse. For nokre av desse var terrordøden i religiøst perspektiv direkte støytande. I eit blogginnlegg kalla «Gud døde på Utøya» frå 31. juli 2011 representerer humanetikaren Gunnar Tjomlid denne reaksjonen. Han uttrykker avsky for folks forsøk på å forstå terrordøden som noko meiningsfullt i eit religiøst perspektiv: «Den kristne som snakker om hvordan Gud tar vare på oss alle våre dager, håner de som i dag ikke lenger er med oss (…) La oss ta vare på hverandre. For Gud gjør det ikke. Han døde på Utøya».
Media viste oss mange andre døme på korleis sakrale og sekulære forståingar og reaksjonar på terrordøden blei formidla, konfronterte og forhandla i offentlegheita, noko eg analyserer i ein kommande antologi om mediering og remediering av døden (i serien Studies in Death, Materiality and Time, eds. Refslund Christensen og Willerslev). Grensemarkørar for dialog og/eller tilnærming mellom posisjonane er debatten kring innlemming av kommunisten Grieg sitt humanistiske dikt «Til ungdommen» i salmeboka, og medieringa av pensjonist Per Haakonsen sin tale på eit KrF-arrangement i januar 2012 i Kristiansand, der han forklarte at terroren den 22. juli var Guds straffedom over eit Noreg som syda av antisemittisme. Kyrkjemøtet vendte tommelen ned for «Til ungdommen» som salme, og KrF måtte rykka ut med fordømming av Haakonsen-talen, og erklæra at det slett ikkje representerte dei eller ei kristeleg forståing.
Reaksjonane på 22. juli er eit viktig materiale for forsking på samspelet mellom media og religion. Dei medierte forståingane viser oss også korleis grensene for det «vi’et» me gjerne vil skapa og identifisera oss med som nasjon, ikkje er fastlagt og klart, men under stadig utvikling og forhandling.









