Shank IV: Dag 7
I dag tidleg merka eg faktisk litt av det der med å vera lettare i kroppen. Det er til vanleg ikkje svært tungt å stå opp for min del, men merka at eg var litt meir utkvilt og fit for fight i dag tidleg enn eg pleier. Ikkje verst.
Vi et nokonlunde normalt sjølv om vi heldt oss veganarar. Litt salt og krydder i maten har vi og, så maten er god. Vekta ligg stabilt mellom 72 og 73 kilo. Konemor er mykje mindre stiv i kroppen og søv litt bedre.
Bønnetaco på fredag, curry med grønsaker på laurdag, rester på sundag. Det var og morsdag på sundag og då laga eg vegan sjokoladefudge etter oppskrifta her: http://jonsiandalex.com/recipes . Den falt godt i smak, bortsett frå hjå Aurora på 5 år. Vi lurar på å gå vegan ut perioden, det er jo noko nytt å prøve.








