This one (also) goes to eleven
Eg påstår støtt at det ligg merkevarebygging i god brukeropplevelse, og det har eg ikkje tenkt å slutte med. Brukeropplevelse handlar som kjent om så mykje meir enn at det skal vere lett å fullføre transaksjoner, eller løyse oppgåver, og denne vesle saken er eit fint eksempel på kva det kan bety.
Vi er alle enige om at IMDB er ei fantastisk teneste. Alt om film på ein stad, tilgjengelig på alle tenkjelege flater, og det fungerer alltid. What's not to like?
I går vart eg enda meir glad i dei. Til mi store begeistring oppdaga eg at som ei hyllest til den scenen i den legendariske mockumentaryen This is Spinal Tap - har folka bak den gigantiske filmdatabasen spesialtilpassa rangeringssystemet sitt (merka med ein raud ring på bildet over).
Det går, som på Nigel sin superforsterker, til 11, medan alle andre filmer sjølvsagt kan få maks 10 stjerner. Kanskje har det vore slik lenge på IMDB, men eg oppdaga det nettopp, og smiler framleis frå øyre til øyre.
Nokon fekk åpenbart ein strålande idé som treff midt i hjarta på alle filmnerder, og så brukte dei faktisk tid og penger på å gjennomføre det til glede for ei viktig målgruppe. Konseptet bryt sjølvsagt med logikken til ein viktig funksjon på nettstaden, og det var garantert nokon som sat seg på bakbeina når det skulle gjennomførast, men dei gjorde det likevel, og det er fantastisk.
Slik brukerinnsikt, kreativitet, og gjennomføringsvilje som IMDB demonstrerer i denne samanhengen vitnar om ein aktør som er villig og kapabel til å gjere det som skal til for å halde seg på topp som den foretrukne filmdatabasen der ute.
Sjølv har eg i det siste blitt veldig glad i konkurrenten Rotten Tomatoes - spesielt fordi anmeldelsene av filmene er generelt treffsikre, men eg kjem aldri til å forlate IMDB. Spesielt ikkje etter denne oppdagelsen.
Avslutningsvis: klippet som ikkje kan sjåast for mange gonger