Eg satt og sovna, sliten, heilt i ro,
Dei andre lo, "Han har jo reist så longt!"
Dei sa 'kje feil, men heller ikkje rett,
For eg va trøtte lenge før eg dro.
Non dagar før, med rubb og stubb i sekk,
Ein mørke, kalde, sein-desember-kveld,
Den tjue-andre, nattå som er lengst,
Forlot eg Trondheim i sitt beste lys.
Så godt som forberedt på ferden sør,
Litt itte siste ronde rondt i byn,
Når alt farvel va tatt, gjekk eg ombord
I bussen, i et Helvetes humør.
Eg va så Jævla leie alte rot,
Av alte skrotet som eg hadde eid.
Ein heile leilighet va tømt for piss,
Som andre hadde komt og tatt imot
Men værst av alt va det som eg sko ha,
Ta med meg him, te Jul, te Haugesund.
Ein haug med tunge baggar fudli drit,
Såvidt eg fekk det med når eg sko dra.
I så å sei et døgn satt eg i buss,
Dog ubevisst, for eg va nesten dau,
Med vonde rygg og hodeverk på vei,
Ein tomme kropp, for lengst på sparebluss.
Men Satans nattesøvn, min største drøm,
Det sko såklart eg Faen ikkje få.
For buss, det e et Helvete på jul
Når både kropp og sjel er tom for strøm.
Først utpå neste dag så duppa'g av
Imellom humpar, stopp, og dassbesøk.
Og ankom plutslig Flottmyr terminal
Den litle Jule-aften, te ein klem.
Et lite råd te kimsomhelst som meg,
Som lei av livet tømme hus og sinn:
At hvis du ska igang å flytta ut,
Så bør du ha ein plass å flytta inn.