Dag 10, the Indian aftermath
Fredags morning innsåg me at indisk restaurant kanskje var eit hakk mindre lurt for enkelte. Omtrent halvparten av oss låg nede for telling i ulik grad. Sjølv følte eg meg febersjuk og slapp. Snakka eg for masse så kjentes det ut som om frokosten var på vei i retur, så eg fant ut at det var best å ikkje undervise denne dagen. Heldigvis var eg på gruppe med Siri Elisabeth og Regine, som klarte seg utmerket uten meg!
Istedet for å sitte på skulen og vere dårlig, så blei eg med mr. Siggy og Eirik til skreddar og var dårlig der istedet. Meg og Eirik bestilte oss kvar vår skreddersydde dress og mr. Siggy bestilte to dressjakker. Den eine fekk han oss til å love å ikkje sei nåke om, men eg har på følelsen av at me alle får sjå den når me er komt heim.
Siden det ikkje er ofte ein får ein skreddersydd dress til under 1000kr, så slo me litt på stortromma. Dressjakkene ser heilt ordinære ut på utsiden, men har ei smashing innside! I tillegg ba me om å få initialene våre brodert på innerlomma. Eg gleder meg hinsides til å plukke den opp på onsdag!
Her er ein liten smakebit:
For min del blei kvelden i stor grad brukt til å oppdatere bloggen. Me har travle dager, og det er ikkje alltid me har tilgang til stabilt internett. I tillegg har eg innsett at det er tiltak å blogge! Skjønner ikkje dei som gjer det opptil fleire ganger i løpet av ein dag.
Med unntakk av blogging blir kveldene som oftest tilbragt i godt lag. Me pleier å samlast ein gjeng, noen ganger mange og andre ganger få, og preike ut i dei små timer. Det er ufattelig koselig! Me har eit ganske godt samhold i heile gruppa, og det virker som om alle går god overens. Det trur eg lærarane er glade for!
På kvelden møtte eg også denne lille krabaten: