Kva kan eg seie deg, barn? Seier eg: Arbeid! Kva veit eg om arbeid i di framtid? Seier eg: Kast deg aldri i armane på den sterke som vil kle deg i uniform - grøne , brune, svarte, grå, gule eller raude. Kva veit eg om uniformar i di framtid? Seier eg: Kast deg aldri i armane på ein religion den kristne - muslimreligionen - aldri i armane på Mercur, Venus, Mammon. Kva veit eg om religionar i di framtid? Seier eg: Rop aldri med dei som ropar høgast, skrik aldri med dei som skrik høgast gråt aldri fordi alle andre græt - le aldri fordi alle andre ler. Kva veit eg om skrik eller gråt eller latter i di framtid? Kanskje eg kan våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan elske og om det finns nokon å elske i di framtid. Marie Takvam #poesi #marietakvam #fotografi #magasin_no #forfotografer #8mars #kvinnedagen #fremtid #makelovenotwar #barndom #blikk #tavarepå #solidaritet #høretil #fred #kjærlighet (ved The Earth) https://www.instagram.com/p/Ca1b_n4oB2p/?utm_medium=tumblr







