Undergrunnen I
I undergrunnen er det tidleg morgon.
Vi er alle på veg ein stad
nokon eller noko venter på oss.
Vi sit stille.
Dei fleste av oss ser ut vindauget
held fast ved ein mørk tomleik.
Det er ingenting der ute,
men er det ingen her?
Auga mine seier hallo!
Se meg.
Eg ser på deg,
men vi skal helst ikkje sjå på kvarandre
og om vi gjer så kan vi ikkje stirre for lenge.
Vi er alle ingen og nokon,
ukjend og kjend,
men det spiller kanskje inga rolle?
Vi har kanskje mykje til felles du og eg,
men det tilsynelatande er bane 5,
på veg til Østerås.











