Har du lese Wide Sargasso Sea? Eg tenkte på deg, kanskje du flaug over der, på vegen din til Nicaragua. Kanskje tenkte eg på fordi du reiser dit, for å stille masse spørsmål, til mange folk, på eit språk du ikkje kan. Kanskje tenkte eg på det fordi du har fortalt om alle mennene som snakkar til deg, kviskrar til deg, roper etter deg, på gata der. Kanskje tenkte eg på det fordi eg tenkte på dei sjøane som damer kan ha inne i seg, av stillheit eller ord, som kanskje berre kan kome fram til andre damer. Kva trur du? Er det noko gutter eller menn ikkje kan forstå, men som damer kan forstå, om kvarandre?
Det skal eg tenkje på til du kjem tilbake. St. Hanshaugen er full av snø, det er masse barn som aker på ettermiddag, og eg går forbi huset ditt rett som det er. Når det er blitt vår skal du kome tilbake, og vi skal tre ut i det nye livet igjen. Som vi har gjort før: Vi grodde ut håret samen, vi tredde ut av dei store vadmelskleda. Og ut av det mørkret som kledde innsida av brysta. Og vi elska, gjekk ut av forholda, og spurde oss sjølv etterpå: Slutta vi nokon gong å elske? Vi ut i nettene, mellom lysa, mellom auga til menn fylt av attrå. Og dei festane der vi har tenkt på kvar vår gutt som slettest ikkje har sett eller tenkt på oss, eller motsett, der dei har svirra rundt men det ikkje har vore ein slik kveld, ikkje for menn, men berre for store gjenger av jenter som dansar. Og veit du? Det er ingen som rører seg på dansegolvet som deg, du har latinamerika i musklane, det strekker seg gjennom heile kroppen din, i hoftene i armane, i alt som ikkje står stille, som omfamnar, som veks, og eg tenkjer at du er ein av dei få eg kjenner, som eg kan tenke at tankane og kroppen speglar kvarandre: Den rytmen du tenkjer i, den grenselause måten du går gjennom romma på, at du er så jorda og så fri samstundes, og eg tenkjer på første gangen vi møttest, ikkje treftest men verkeleg møttest, så sat vi på UB og snakka i tre timer om fedrene våre, desse umoglege menneske ein er sat til å elske, som ein må lose frå når ein blir vaksen, for å bli seg sjølv, og eg hugsar korleis samtalen berre falda seg ut, fortsette, og så har det berre haldt fram.
Mødrene og søskena, gutane og kroppane, kjærastane og venane, og nettene, nettene. Og at du er heilt annleis enn meg, på nokre vis, og at det er så uendeleg mykje eg ikkje veit om deg, og at det av og til slår meg, kanskje fordi det nokre gongar kjenst som vi er vevd av same stykke tyg, og så skjønner eg det, du har jo eit heilt liv eg ikkje aner noko om.
Eg starta på dette brevet før du reiste. Eg starta på det når det nærma seg, medan du sat på kjøkenet her og vi snakka om at du skulle dra, drakk rugwhiskey, før du drog, når du var rastlaus og engsteleg om kvarandre. Og eg skjønte det så godt, at du var engsteleg, for det er jo ikkje berre berre å reise åleine til Nicaragua for å drive feltarbeid. Har eg sagt det, at nesten alt eg veit om det landet er det du har fortalt og det eg har lese i Tomas sin “Imot naturen”? Der må dei flykte frå det væpna opprøret. Så eg sa aldri at du ikkje skulle vere redd, sjølv om eg ikkje trur noko slikt skulle skje deg, men fordi det er jo skummelt. Men eg veit at du kjem til å klare deg utmerka. Du er ei av dei jentene. Du veit, som den gongen du sa det, det handla eigentleg om gutter på venstresida, at dei var bortskjemte, iallfall dei pene (og iallfall han vi snakka om då!), fordi det var så mange bra jenter, og så få bra gutter. Og herregud, det er så sant, det er så mange betre jenter enn gutter, og veit du, du er ei av dei beste.
Kos deg der ute. Snart er det vår, sommar, tusen tullete gutar og kanskje ein dag, nokon som er skikkeleg bra. I mellomtida St. Hanshaugen, dans, og heile verda for våre føter.