Pedagogisk analyse av «Tonje Glimmerdal»
I dette blogginnlegget vil eg gjere ein pedagogisk analyse av boka «Tonje Glimmerdal». Boka er skriven av Maria Parr, og blei utgitt for første gang i 2009. I boka følgjer vi Tonje Glimmerdal, ei jente på 9 år. Vi følgjer henne i sin kvardag gjennom nokre månader. Vi leser om kva ho opplever, og korleis ho tenker og reflekterer over det. Dette gjer at innhaldet er lett for den barnlege lesaren å forstå.
Barn kan kjenne seg igjen i Tonjes livserfaring. I boka følgjer vi Tonje i dei ulike situasjonane som oppstår gjennom desse månadene. Vi følgjer henne mens ho sjølv går gjennom ulike kjensler og tankar, og lærar av dette. Mange barn opplever som Tonje å ha ein forelder som er lenge borte med jobben, og kan kjenne på same sakn, og same glede når dei kjem heim. Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen, og hennar beste venn, er ein gammal nabo. Dette er kanskje ikkje ein situasjon mange barn opplever, men kan framleis kjenne seg igjen. Kanskje dei har ein gammal bestefar, eller andre trygge vaksne, som dei ser på som vennar.
Hovudpersonen i boka, er på alder med lesaren. Tonje er 9 år gamal, og blir i slutten av boka 10 år. Boka passar for jenter og gutar. Tonje kan beskrivast som ein «guttejente». Det er ikkje element i boka som er tenkt til enten gutar eller jenter. Tonje kunne like gjerne vore ein gut, den hadde framleis passa for alle. Tonje kan virke litt veslevaksen, noko som påverkar språket. Språket er enkelt, og skrevet på ein barnleg måte, med nokre ord og utrykk innimellom som barn kanskje ikkje brukar.
Boka startar med ein veibeskriving til Glimmerdalen, der vi blir kjent med fleire av karakterane i boka. Innleiinga verkar interessevekkande, og vi blir slukt inn i historia. Boka er delt inn i tre delar, med mindre kapittel i kvar del. I kapitla leser vi om ulike kvardagslege historier, samstundes som det er ein hovudfortelling vi følgjer gjennom boka. Karaktergalleriet i boka er stort, men det er nokre karakterar vi følgjer meir enn andre. Det er lett å bli kjent med karakterane, og vi får enkle beskrivingar av dei. Forteljarmåten har ein god balanse mellom skildring og refleksjon. Den allvitande tredjepersonsforteljaren gir oss skildringa, nokre gonger gjennom Tonjes augne, og vi får innblikk i Tonjes tankar og refleksjonar. Det er også god balanse mellom forteljing og dialog. Det er god flyt i teksten, og ein må ikkje stoppe opp og jobbe med å forstå det ein leser.
Boka er skive på nynorsk, som gjer at mange barn ikkje vil kunne lese han sjølv. Eg synes boka fungerer både som høgtlesingsbok, og som ein bok barnet kan lese sjølv. Boka er fin å bruke som høgtlesing i skulen. Det er korte kapittel, som er delt inn i sjølvstendige einingar. Den er fin å bruke som utgangspunkt for ulike aktivitetar, både munnleg og skriftleg. Eg kan sjølv tenke meg å bruke boka, da den er spennande og engasjerande!
Du kan finne boka her!












