Energiutstilling - Interaktiv læringsopplevelse
I grupper på fire skulle vi designe interaktive læringsopplevelsar for ungdomsskuleelevar, for å forbetre besøket på Teknisk Museums Energi Utstilling. Prosjektet innebar å lage ein interaktiv prototype gjennom iterativ prosess, testing og prototyping, med fokus på læringsaktivitetar før og etter museets besøk.
Løysing ; «Er du klar for Energi Utstilling ?» er ein gameshow-inspirert quiz som vi har laga for å gjere ungdomsskuleelevar si oppleving på Teknisk Museum si Energi Utstilling no i haust, meir engasjerande.
Quizens gang ; Quizen startar med at elevane må i grupper på tre, velje seg eit lagnamn før dei kan begynne å spele. Quizen er delt inn i tre ulike kategoriar som dei skal ta seg igjennom ; Fortid, Samtid og Framtid. Quizmasteren les opp spørsmåla og svaralternativa, og registrera med «Riktig» eller «Galt» knappen om dei to andre har klar å svare riktig eller galt. Elevane skal i kvar sin kategori ha rollen som quizmaster. Det blir fortalt når ein kategori er ferdig og det er på tide å bytte på rollen som quizmaster. Dersom tida er gått ut før elevane rekk å komme seg igjennom ein kategori , må dei benytte seg av «neste» pila for å automatisk ta seg til neste kategori.
Når elevane har tatt seg gjennom alle kategoriane, kjem dei til ei side med pallplassering som visar korleis dei har gjort det i forhold til dei andre gruppene i klassen. Klassen som spelar brukar same gamepin for å kunne registrere resultat. Før elevane er heilt ferdig kan dei om ønskeleg legge inn eigne spørsmål som potensielt blir lagt inn i quizen. Spørsmåla skal bli godkjent av Teknisk Museum, sånn at spørsmåla held seg relevante.
Brukartest ;
Positivt ; Ungdomselevane syntest opplegget var bra, både utforminga og korleis det fungerte i praksis. Dei sa fargane og oppsettet av både prototypen i Figma og presentasjonen satt stemninga til eit gameshow. Dei kommenterte også at prototypen var lett å navigere seg igjennom.
Tilbakemelding på spørsmåla var at dei var okei å lese opp, og at vanskegraden passa til at dei kunne samarbeide. Når dei vart spurt om forslaga til vidareutvikling, som moglegheita til å legge inn eigne spørsmål i ettertid av besøk på Teknisk Museum. Så svarte dei at det hadde vore eit kjekt tillegg, men at spørsmåla måtte blitt sjekka opp med Teknisk Museum. For å forhindre mykje unødvendige spørsmål. Når dei vart spurt om dei ønskte å sjå poenga til andre skular og klassar svarte dei at det kunne vere interessant å sjå kven som leda i klassen, men ikkje så interessant å sjå korleis andre skular har prestert.
Negativ ; Elevane kommenterte at det var rart å lese opp svaralternativa, og foreslo at vi kunne dele dei opp på linjer under kvarandre, og gjere det tydlegare kass svar som var riktig. Når det kom til spørsmålet om dei ønskte at det var musikk i bakgrunnen, svarte dei at dei syntest det kunne vore stressande undervegs. Detta strider i mot tilbakemeldingane Julian fekk på brukartest med familien, så kanskje det kan vere mogleg å komme med ei løysing som tar detta i betraktning.
Prosess ; Vi var innom fleire ulike tilnærmingar når vi skulle kome opp med ei løysing på prosjektet. Vi var blant anna innom ein fysisk quiz og ein quiz med stort fokus på utforming av spørsmål, som ikkje skulle ha noko konkret svar, men som heller skulle oppmuntre til diskusjon og undring. Vi fant til slutt ut at med tida vi hadde, ville vi lage ein quiz som enkelt kunne oppdaterast og endrast med tid.










