Barn, unge og det livssynsopne samfunnet
Kronikk i Vårt Land 1. juli 2013 (under tittelen "Sviktar unge som strevar med livet")
Mange barn og unge har sterke nyåndelege innslag i livssynet sitt. Men dette kjem ikkje fram verken i skulen, i offentleg livssynsutgreiing eller i samfunnsdebatten.
På den eine sida understrekar Stålsettutvalet at dei vil fremja ei forståing av religion og livssyn som er open, inkluderande, heilskapeleg og likeverdig. På den andre sida blir religion framstilt som eit religiøst livssyn og likestilt med sekulære livssyn, og livssyn handlar om kva eit menneske meiner om dei «største» spørsmåla i livet. Skilnaden mellom religiøst og sekulært livssyn er at fyrstnemnte involverer tru på ei guddommeleg makt, medan sistnemnte ikkje gjer det. Denne forklaringa på sjølve hovudtemaet i utgreiinga kjem fyrst i kapittel 7, side 85. Ein kan vidare lesa at livssyn har oppfatningar om mennesket sin plass i tilværet og ei haldning til sentrale etiske spørsmål. Stålsettutvalet har gjeve barn og unge særskilt merksemd i utgreiinga, og skulen blir framheva som ein sentral institusjon for danning og dialog, og eit felt der barns rettar må bli drøfta opp mot foreldre sine rettar og staten sitt ansvar.
At livssyn dreier seg om meir eller mindre heilskaplege syn om dei største spørsmåla i tilværet, om menneskesyn og etikk, kan ein vera einig i. Men dette forklarer ikkje korfor etablerte og institusjonaliserte livssynsformer får forrang, medan religion og livssyn som sosiokulturelle felt, kommunikasjon, rørsle, handling, produkt på ein marknad og ei rad andre fenomen, forsvinn. Dette er også område for livssynsrefleksjon og danning. Lat oss sjå korleis denne innsnevringa «kolliderer» med til dømes ein ung gut si erfaringsverd:
Vårt tenkte barn er 10 år gamalt. Det høyrer til ein såkalla kulturkristen familie, der ein er medlem av folkekyrkja men stort sett bare nyttar henne som seremonimeister. Mor i heimen er litt alternativt orientert, det gjev seg uttrykk i bruk av diverse alternativ terapi både til seg og ungane. Ei mengd englefigurar, krystallar og småe statuar av Buddha, Shiva og ei steinaldergudinne pyntar romma i huset. Bokhyllene er dominert av alternativ litteratur gjennom mors medlemskap i bokklubben Energica. Far er nokså likesæl i høve slike ting. Stundom blir det snakka om førestillingar som ligg til grunn for foreldra sine ulike syn, og det er ikkje særleg konfliktfylt. Mor og eldstedotter på 17 er store fans av mediet Lisa Williams, og får alltid med seg hennar storseansar når ho er på turne. 10-åringen er ein ivrig samlar av Lego Chima, ein lego-serie med fokus på ei åndeleg kraft kalla chi, som ulike dyr i det magiske landet Chima kjempar for å kontrollera. På TV er seriefavoritten Eventyrtid på Cartoon Network, ein populær og lettare absurd serie med eventyrlege, overnaturlege og nyåndelege referansar. Harry Potter er favorittlektyren til vår gut, og kinofilmane han liker desidert best, er dei med magisk og spirituelt innhald. Guten er også ivrig steinsamlar, og butikken som sel stein, forsyner kvar stein og krystall med små lappar som fortel kva slags kraft og verkeområde nett dette mineralet har. 10-åringen kan dette på rams for tjue sorter stein.
Guten sitt relativt fortrylla kosmos er på ingen måte er del av skulen, og heller ikkje av Stålsettutvalet si livssynsforståing. Der dreier det seg om «dei fem store», livssynshumanisme og kristne sekter. Kvardagen til denne guten, hans sannsynlege «livstolking», blir i forsvinnande liten grad spegla i undervisning og dialog i klasserommet og i offentlege drøftingar. Men guten er slett ikkje noko sært unntak kva gjeld norsk kvardagsliv og -refleksjon.
«Ungdom og livstolking» var tittel på «Religion og livssyn. Tidsskrift for Religionslærerforeningen i Norge» nr. 2/2010. Livstolking kan visa til både individet og kulturen sitt strev med å «komma til rette med livet», og blir framstilt som eit produktivt begrep i ein levande skulefagdebatt, nedfelt i RLE-planar som den enkelte elev sin danningsprosess. Sosiologiske undersøkingar avgrensar seg, i tråd med faglege forståingar, ofte i stor grad frå å kunna fanga opp den meir frittflytande religiøsiteten. Men artiklar i tidsskriftnummeret avslører motvilje hos skuleforskarane når denne religiøsiteten faktisk gjev seg til kjenne: Når ungdommar svarer på i kva grad dei «trur på» diverse alternative fenomen («tru på» er her eit problematisk begrep), finn ein at kring ein tredjedel av ungdommane faktisk er heimehøyrande (også) her. Sosiolog Tormod Øia [ved NOVA] avfeiar funna med denne merknaden: «det [er] et betydelig framtidig marked for spekulanter også på disse feltene». Var det dét ein skulle finna ut? Religionssosiolog Ida Marie Høeg [ved KIFO] finn likeeins at «nyreligiøse trosholdninger er [ikke] særlig utbredt blant unge», sjølv om undersøkingar ho viser til tyder på at ein tredje- og fjerdedel «trur på» slikt. Det er mykje. For Høeg kan dette avvisast, fordi det er mindre enn dei som trur på Gud (43 %). Men samanlikna med kva plass annan religiøsitet får i undervisning og dialog, er denne avvisinga sterkt normativ. I dag er det også lite som tyder på at «tru på Gud» tyder akkurat det kyrkjelege forskarar synst det bør tyda.
Offentlege utgreiingar og skuleforsking har mykje å seia om tradisjonell tru og barn og unges livsverder. Men når ein ser i kor liten grad ein greier eller ønsker å reflektera tru og livstolking som ikkje blir fanga inn av det tradisjonelle og etablerte, som i tilfellet med nyreligiøsiteten, er det grunn til å tru at også forståinga av det som skjer innanfor «dei store» tradisjonane blir forflata og meir eindimensjonal enn ho burde vera. Og det tapar alle på, dei som i livssynsforstand er innanfor, utanfor – og alle dei som er noko midt imellom. Og det offentlege og skulen sviktar dermed i å møta dei unge i deira strev med å «komma til rette med livet».












