Skråmor
Kvar skråma kroppen lækjer, tek tid å gjera godt fyre kroppen hev' seg sjølv å passa på
I dag er det vondt å kjenna, kor lang ei stund det må gå
I morgon vert det sårt å røra endå ikkje so sårt som no
I overmorgon er skråma stengd med blod og limet i vår kropp stengd i væne blodige mynster som berre kroppen kjenner til
Um ei vika er skråma lækt men spor kann ein endå sjå
Næste månad er det gløymd fyre kroppen hev' seg sjølv passat på











